Hegglandslivegen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hegglandslia 13. mai 2020. Ein kan skimte vegen som svingar seg gjennom skogen oppover i lia.
Starten på Hegglandslivegen nede ved Riksveg 9.

Hegglandslivegen vart bygd i 1980. Opninga skjedde laurdag 13. september 1980 ved at tidlegare heradskogmeister Egil A. Berntsen hogg over ei lita furu som var lagt som bom. Vegen er privat. I 2020 var Olav M. Heggland styreleiar i selskapet som eig vegen.

Vegen er 4,2 km lang og vart bygd av entreprenør Olav O. Nomeland d.y. og arbeidsfolka hans. Stigninga mest heile vegen er 1:10. Vest for vegen kjem Kvernhusbekken ned lia.

Om opninga[rediger]

Etter opninga i botnen av bakken, kunne bilane kjøre opp til toppen. Der baud styreformann Tor Straume og kona på ei solid blautkake, det var prolog av Olav Gunnstveit og orientering om vegen, som utløyste eit område med bortimot 30.000 kubikkmeter skog. 10.000 kubikkmeter var alt uthogge medan vegen vart bygd. Lensmann Ånund Heggland bar fram helsing frå ein av hovudinteressentane, Knut Sveindal, som budde i Sverige. Heradskogmeister Oddbjørn Aardalen gratulerte også med prosjektet.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...