Haughom kapell

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Haughom kapell 14. juni 2017.

Haughom kapell ligg på Haughom i Sirdal. Det er bygd i 1930, og blei vigsla 9. oktober 1930 av biskop Bernt Støylen. Kapellet er teikna av arkitekt John A. Søyland. Brødrene Fjogstad frå Sandnes stod for bygginga.

Kapellet blei finansiert med eit statstilskot på 4 000 kroner og kommunalt tilskot på 2 000 kroner. Over 9 000 kroner blei samla inn av bygdefolket. Ein sterk pådrivar for å få bygd kapellet var O. T. Dahl.

Altertavla er laga av målaren Kåre Øijord og treskjeraren Jon Asbjørn Berge. Ho er frå 1959. I 1987 fekk kapellet nytt orgel, bygd av orgelbyggarane Gebr. Reil i Holland.

Kjelder[rediger]

  • Oppslag/plakat ved kyrkja