Haugerød
Hopp til navigering
Hopp til søk
Haugerød (Haugerødstoga) var ein husmannsplass utan jord i Åraksbø i Bygland. Han låg like ovanfor det gamle våningshuset i Borgi (gnr. 26 bnr. 1).
Det var folk på plassen i 1830-åra. Det var mange og tunge lagnader mellom dei som heldt til her. I 1870- eller 1880-åra flytta den siste familien herfrå og plassen gjekk tilbake til garden. Det er ikkje lenger spor etter han.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland komm une, 2008, side 118–123
- Bjarne Nordgarden, Husmannsplassar i Åraksbø, stykke i Setesdal og setesdølar, 2020, side 48–55