Haslebakken
Hopp til navigering
Hopp til søk

Riksveg 9 forbi Haslebakken 26. juli 2023. Ein eller annan stad her låg husmannsplassen.
Foto: Geir Daasvatn
Haslebakken (Stranden, Frøysnesplasset, Plasset) er ein husmannsplass heilt nord på Frøysnes, like inntil grensa mot Ose. Plassen er svært gamal, med busetting alt frå 1770-åra. Her låg også Haslebakken dampskipsbrygge.
Det er ikkje lenger spor etter Frøysnes-Haslebakken. Dei blei borte ved utbetring av Riksveg 9.
Plassen må ikkje forvekslast med Ose-Haslebakken, som ligg i same område men om lag 100 m opp i lia ovanfor riksvegen.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, 2006, side 68–77 og bind III, side 517