Hans Skotterud

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hans SkotterudSymbol unrelated.svg
Hans Skotterud munk.jpg
Født: 24. august 1959 (60 år)

Hans Skotterud (fødd 24. august 1959) er ambulansesjåfør hos Valle Amublanse. Han er ein altmoglegmann som har hatt mange oppgåver i Valle. Han starta på Setesdal Handlaft i 1992, då han flytta hit frå Oslo, dit han kom i 1988. Han er frå Ørebro i Sverige, utdanna innan skogbruk, og sidan arbeidde han for Domãnverket. Så gjekk han over til å vere lastebilsjåfør, og då det vart dårleg med jobbar som trailersjåfør, kom han til Oslo og køyrde buss for Lommedalsbussen AS. I 1990 var han, som sjølv er praktiserande buddhist, tilsett som vakt for Dalai Lama då det var eit fredssymposium i Oslo med ei rekke nobelprisvinnarar til stades. Då helste han og på Desmond Tutu.

Det var musikken som førte han til Setesdal. Alt i 1982 var han første gong her og besøkte Hallvard T. Bjørgum og Torleiv H. Bjørgum på Kåsland. Torleiv var den store inspirasjonskjelda for musikken. Då han fekk spørsmål frå Jon K. Rysstad om å begynne i Setesdal Handlaft, vart det starten på livet i Setesdal og slutten på tida som bussjåfør. Etter ei arbeidsulukke måtte han slutte med lafting, så i 1991 tok han til med ulike jobbar i Valle kommune. Han var på Valle aldersheim, på skulen og han var badevakt. Han var og tilsett i Valle IL som ansvarleg for møykjeromet i ei lita stilling. Men hausten 1998 begynte han i Valle Ambulanse, og sidan har han vore der, med unntak av eitt år då han hadde permisjon og køyrde lastebil på Toten.

I 1997 sette han seg opp hus i Brokke. Det selde han, og i 2004 sette han seg opp eit nytt hus i Brokke. Han har to søner, Tarjei, fødd 1998 og Håvar i 1999.