Gunnar Ljosland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gunnar Ljosland
Født: 12. juni 1914
Død: 17. april 1993 (78 år)

Gunnar Ljosland (fødd 12. juni 1914, død 17. april 1993) budde på Hornnes. Han etterlet seg søstera Guro, svograr og annan familie. Gravferda var frå Hornnes kyrkje fredag 23. april 1993 klokka 13. Ein ønska ikkje kransar eller blomar.

Gunnar Ljosland gjekk ut av latinlinja på Hornnes landsgymnas 1936. Deretter studerte han tysk og tok bifagseksamen i 1939 og historie i 1943. Men krigen øydela hans planar om å fullføre studiet i filologi. I 1944-45 gjorde han teneste i dei norske polititroppane i Sverige. Sidan hadde han kortare studieopphald ved Universitetet i Lund i Sverige. Tilbake på Hornnes var han timelærar på Evje og Hornnes realskole og gjekk også inn i familiebedrifta Ljosland trevarefabrikk, som han dreiv saman med brørne Petter Ljosland og Arnulf Ljosland.

Kjelder[rediger]