Gerhard Fjelde
Gerhard Fjelde | ||
---|---|---|
Født: | 16. juni 1948 | |
Død: | 23. august 2003 (55 år) |
Gerhard Fjelde (fødd 16. juni 1948, død 23. august 2003) budde på Jørpeland i Strand kommune. Han begynte som sangevangelist og forkynnar for Hovudstyret i Norsk Luthersk Misjonssamband i 1967, bare 19 år gammal. Den første tida var han mykje saman med Arne Aano. Gerhard Fjelde stod i vekking mange stader i landet, men reiselivet sleit han ut, så dei siste åra hadde han arbeid i eit gravferdsbyrå på Jørpeland og bare ein liten deltidsjobb i Misjonssambandet. Han gav ut mange kasettar og plater.
Gerhard Fjelde og Setesdal
Hansten 1979 hadde han og Nils Kåre Strøm ein møteserie på Evje som førte til vekking og gjorde at serien vart forlenga til ut på nyåret 1980. Etter at dei først hadde hatt teltmøte i Krossen, måtte serien flytte til Evje kyrkje. Sidan kom han ofte tilbake til Evje, han var mest kvart år med venner på Engesland i elgjakta. Siste gongen han var i Setesdal, var på jolemessa på Rysstad i 2001.
Diskografi
- På gater av gull. Gerhard Fjeldes beste. 2009
- Om Guds godhet 1998
- Gerhard og barna synger om Jesus 1975
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Gerhard Fjelde til minne. Artikkel i Setesdølen nr. 70, 2003 side 2