Guttorm Hallvardsson Åmli
Guttorm Hallvardsson Åmli vart fødd på Sygard Åmli (gnr 50, bnr 9) 2. februar 1850 og døydde i Winchester i Wisconsin 2. april 1884.
Guttorm var det tredje av ni borna i familien til Hallvard Torjusson Åmli (1825–1897) og Gunne Guttormsdotter Bø (1825–1917). 23. februar vart han heimedøypt av Torjus Sveinsson Berg, og 17. mars stadfesta presten dåpen i Valle kyrkje. Ved konfirmasjonen i Valle kyrkje 23. april 1865 var han nummer ein, og han fekk meget godt i kristendomskunnskap og flid av presten Blom. Folketeljinga det året syner at det bodde 12 på Systog, og Guttorm hjalp faren med arbeidet på garden.
Utdanning og arbeid
Ei bok over norske lutherske prestar i Amerika fortel at Guttorm fekk privatundervisning i 1864-'65 og gjekk på lærarskulen i Søgne året etter. Han arbeidde som folkeskulelærar i Hylestad frå 1867-'70, i Høvåg (Lillesand) 1870-'71 og utvandra til Nord-Amerika i 1871. Der arbeidde han som religionslærar i North Prairie i Minnesota føre han starta som student ved Luther College i 1872. I 1875 tok han til å studere ved Luther Seminary og avslutta studiene med tittelen C.T. (Candidatus Theologiae) og prestevigsling i 1878. Han tok embetseksamen saman med ein amerikanskfødd hylstring, John Knudsen Rystad. Året før han avslutta studiene, den 24. oktober 1877 skreiv Guttorm under på ei forklaring om at han ynskte å bli amerikansk statsborger, i den står det og at han ankom Detroit i juni 1871. I USA vart han kjend som Guthorm H. eller G.H. Omlid.
Guttorm Åmli var ein av prestane i den Norske synode i Wisconsin, med ansvar for fleire kyrkjer i Wisconsin:
- I Oconto County
- Maple Valley frå 1878-'82
- I Shawano County
- Navarino (Jerusalem) frå 1878-'82
- Jerusalem frå 1878-'82
- Green Valley frå 1878-'83
- Østre Green Valley frå 1878-'83
- Vestre Green Valley frå 1878-'83
- Bethlehem i Pulcifer / Shawano frå 1880-'83
Guttorm er og nemnd i boka Festskrift til Den norske Synodes Jubilæum, 1853-1903 som ein av sju prestar i det austlege distriktet i Lee, Illinois.
I boka Wisconsin, My Home fortel forfattaren Erna Oleson Xan minne frå mora Thurine Oleson sitt liv. Eit av dei er frå sommaren då systrene Kristine og Lena vart sjuke av difteri. Kristine døydde og sjukdommen gjorde at dei ikkje våga halde gudstenesten inne i kyrkja, men heldt gravferda på kyrkjegarden attmed den opne grava. Berre nokre få våga møte, og dei stod langt unna med lommefillone for munnen. I kyrkja var ein ganske ung prest, han heitte Omlid, og han hadde lange silkeaktige kinnskjegg som hang ned over den stive prestekragen. Augone var så milde og følsomme, mest som dei til ei kvinne, og kyrkjelyden elska ham. Han var ikkje redd for å gå heilt bort til kista der foreldra mine, syster mi Sena og eg græt. Resten av familien var heime med alvorleg sjuke Lena. Eg minnest nog so vel ein ting han sa den dagen. Han peikte på oss og sa «De kan like gjerne be ein bekk om å slutte å strøyme, som å be desse sørgjande å tørre tårane sine».
Familieliv
10. juni 1879 vigde presten Endre Larsen Jaastad Guttorm med Emma Hendricksen i Rushmore i Fillmore County i Minnesota. Findagrave fortel at ho var dotter til to norske immigrantar: Anders Henriksen frå Bertneseiet og Kirstine Gulbrandsdatter Haug frå Nittedal. Folketeljinga for Green Valley frå 4. juni 1880 syner at ho er seks år yngre enn Guttorm. Seinare same året fekk dei sonen Hilarius (1880–1888) og to år etter han, kom Albert (1882–1884).
Guttorm døydde i Winchester 2. april 1884, og vart gravlagd på Grace Lutheran Cemetery i Winchester. Emma tok då Hilarius med og flutte heim til foreldra i Rushford. Fire år seinare fortel avisa The Rushford Star at han døydde av krupp. Emma levde vidare til 29. august 1935 og vart gravlagd på familiegravstaden på Rushford Lutheran Cemetery i Fillmore County.
Kjelder
- I Noreg
- Ryningen, Alfred: Valle kommune: Gards- og ættesoge Valle, band 3, s. 518. Utg. Valle kommune. 1987. på nb.no
- Guttorm Hallvardsson på historisk befolkningsregister
- I USA
- Norlie, O.M. (red): Norsk lutherske prester i Amerika 1843-1913 s. 167, Augsburg Publishing House, Minneapolis, Minnesota (1914)
- Norlie, O.M. (red): Norsk Lutherske Menigheter i Amerika 1843-1916 s. 267-269, Augsburg Publishing House, Minneapolis, Minnesota (1918)
- Xan, Emma Oleson: Wisconsin, my home, s. 94 via googlebooks
- Festskrift til Den norske Synodes Jubilæum, 1853-1903, s. 90. Utg. Den norske Synodes Forlag. 1903.
- Wisconsin naturalization records: Declarations of Intention CH-4444, A 1-577 RG-21 | NAID 7269160, 1 Jan 1876–31 Dec 1902, bilete 61
- Marriage Certificate in the State of Minnesota, County of Fillmore: June 10th 1879, side 102
- United States Census, 1880 Wisconsin Shawano Green Valley ED 152, side 4
- Festskrift til Den norske Synodes Jubilæum, 1853-1903, s. 118 og 198. Utg. Den norske Synodes Forlag. 1903 på nb.no
- Guttorm sitt gravminne på Grace Lutheran Cemetery i Winchester, Wisconsin via findagrave.com
- Avisklypp frå The Rushford Star, 29. november 1888, s. 4 via findagrave.com
- Emma sitt gravminne på Grace Lutheran Cemetery i Rushford, Minnesota via findagrave.com