Folkets Hus (Åraksbø)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den gamle husmannsstoga, ein gong Folkets Hus, 17. juli 2024.

Folkets Hus var eit forsamlingshus i Åraksbø i Bygland frå 1915 til ut i 1950-åra. Åraksbø Arbeidarlag sette opp huset. Huset var den gamle husmannsstoga i Heddeviki, som blei teken ned og frakta på isen til Åraksbø. Her blei ho sett opp på grunnen til Urdi, Nedstoga bnr. 1.

Etter at det var slutt med aktiviteten i huset blei det i 1967 skøyta over til Olav G. Nordgarden i Urdi. Bygland Arbeidarparti fekk kjøpesummen på 3 000 kroner. Huset står framleis på staden.

Kjelder

Kart

Laster kart...