Flåt gruve tilfluktsrom I (1943)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Tilfluktsrom I 19. august 2017.

Flåt gruve tilfluktsrom I blei bygd av tyskerane i 1943. Oscar Bjorå var skytebasen. Bakgrunnen blir sagt å vere at eit alliert fly hadde kome over Flåt gruve og teke spionbilete. Tyskerane bygde då to tilfluktsrom inne i fjellet, eitt ved Loddsynken (Øvre anlegg) (tilfluktsrom II) og eitt lenger nede i terrenget ved flotasjonsanlegget (tilfluktsrom I).

Flåt gruve blei aldri bomba av dei allierte. Truleg skuldast det at det allierte bombeangrepet mot Knaben molybdengruve tidlegare hadde kosta mange norske liv.

Kjelder