Evje statlige mottak
Hopp til navigering
Hopp til søk
Evje statlige mottak er eit asylmottak som blei etablert i Evje og Hornnes seint på hausten 2015. Det er eit desentralisert mottak med 150 plassar. Asylsøkarane bur i eigne bustader med oppfølging frå tilsette ved mottaket. Driftsoperatør er MD Solutions. Leiar for mottaket er Wenche J. Berthelsen. Kontoradressa er Verksvegen 4 (ved Evje og Hornnes bibliotek).
Den store tilstrauminga av asylsøkarar til Norge i 2015 vart sterkt redusert i 2016, og mottaket vart lagt ned frå 1. desember 2016.