Evje kyrkjestove
Utsjånad
Evje kyrkjestove ligg like ved Evje kyrkje. Bygginga starta sommaren 2026 og var ferdig 1. mars 2027. Leiar i byggekomiteen var Kristin Erstad. Bygget var planlagt å koste 17 millionar kroner, og det meste av pengane kom frå Evje og Hornnes kommune, som gav tilskot på 4,75 mill. og garanterte for lån på 8,675 mill. Til prosjektet har ein også fått gåver frå Evje og Hornnes Sparebank og Sparebanken Sør Evje og mange private givarar. Bygget har både rom for dei tilsette og rom der ein kan ha mindre arrangement som kyrkjekaffe og minnestunder.
Kjelde
- Åsne Jørstad Daasvatn: No er bygginga i gang. Artikkel i Setesdølen nr. 52, 2026 side 3