Evje Gull og Sylv

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Evje Gull & Sølv)
Hopp til navigering Hopp til søk
Evje Gull og Sylv.

Evje Gull og Sylv er ei gull- og sylvvareforretning og -verkstad i sentrumsgata i Evje. Forretninga sel for ein stor del gull- og sylvvarer produsert i eigen verkstad. Dagleg leiar til årsskiftet 2022/2023 var sylvsmed Gunnar J. Helle. 1. januar 2023 overtok Frank Helle, son til Gunnar og kona Torhild Helle, verksemda. Han driv også Helle Gull & Sølv i Grimstad. Verkstaden på Evje driv vidare som før. Butikken er redusert til at kundane må ringe for å handle direkte.

Historie

Butikken opna i Evje sentrum i 1987. Forretninga var organisert i eit aksjeselskap, der dei største aksjonærane var Gunnar J. Helle og Torhild Helle. Omsetninga i 2014 var om lag fem millionar kroner. Butikken hadde kundar frå heile Setesdal og frå Åseral, Byremo, Vegusdal og Hægeland.Sommaren 2017 kunne GUnnar og Torhild feire 30-årsjubileum.

Butikken hadde fleire gonger innbrot. Ved eit innbrot fredag 31. oktober 2014 fjerna tjuvane heile vinduet og tok utstillinga. Men dei vart tekne same dagen av politiet på Evje.


Kjelder

Eksterne lenker