Erling Rønning
Hopp til navigering
Hopp til søk
Erling Rønning![]() |
---|
Erling Rønning kom fra Ålen i Sør-Trøndelag. Han arbeidde som stiger i Flåt gruve og budde i eitt av husa i Grenneshaugen bustadfelt i Flatebygd i Evje. Seinare flytta han frå bygda og arbeidde etter det ein veit i Søftestad gruve.
Erling Rønning var ein flink skihoppar som gjorde det godt i mange skirenn på Sørlandet i 1930-åra. 29. mars 1931 skal han ha hoppa 34 meter i ein hoppbakke på Åvesland i Flatebygd. Det var bakkerekord.
Erling Rønning representerte Evje AIL.
Kjelder
- Erik Kjebekk, Dyktige skihopparar frå Flatebygd, artikkel i Arnstein, 2010, s. 6-13