Eivind T. Sordal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Eivind T. Sordal
Født: 26. september 1943
Død: 5. februar 2018 (74 år)

Eivind T. Sordal (fødd 26. september 1943, død 5. februar 2018) budde på Ose, der han dreiv Storstoga kro. Han etterlet seg barna Anette, Eva og Kåre Eivind Sordal, svigerbarn, barnebarn og annan familie. Gravferda var frå Austad kyrkje tysdag 13. februar 2018 klokka 12.

Eivind T. Sordal vaks opp på Sordal. Han hadde fire søsken, to gutar og to jenter. I ung alder gjekk han til sjøs. Sidan arbeidd han på Jernstøyperiet i Kristiansand og i oljebransjen i Nordsjøen til han vart skadd i ei arbeidsulukke og måtte omskolerast. Då valde han gullsmedfaget og gjekk i lære hos Torleiv H. Bjørgum. På 80-talet etablerte han seg med verkstad og utsal i Setesdal Hotel på Bygland. Men midt på 1980-talet overtok han Storstoga kro på Ose etter danske Holten Andersen. I tillegg til å vere kafevert kunne han fikse det meste, så han fekk mange kundar på Ose. Han var også musikar og spelte trekkspel og gitar i gruppa Byglandsspelemennene

Kjelder