28. oktober 2018 vil Setesdalswiki være nede for oppgradering.

Einar Kristian Tveitå

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Einar Kristian TveitåSymbol unrelated.svg
Født: 22. februar 1973 (45 år)

Einar Kristian Tveitå (fødd 22. februar 1973) er frå 1. januar 2008 overlege ved Evjeklinikken. Han studerte medisin ved Universitetet i Oslo i perioden frå 1993 til 2000. Deretter hadde han turnusteneste. Frå 2002 arbeidde han ved Avdeling for Fysikalsk Medisin og Rehabilitering ved Ullevål Universitetssjukehus. I februar 2010 tok han doktorgraden i medisin på Universitetet i Oslo på avhandlinga Adhesive Capsulitis, Hydrodilatation and Some Aspects of Validity Regarding Shoulder Assessments. Den handla om behandling av skuldersmertene som blir kalla «frossen skulder».

Diskoskastar[rediger]

I studietida var Einar Kristian Tveitå ein aktiv diskoskastar på nasjonalt og internasjonalt nivå. Sitt beste resultat, 63,64 meter oppnådde han i september 1999 in Hafnarfjörður. Han deltok i Europacupen i friidrett i 1998, 2000, 2001 og 2002. I 2001 deltok han i WM i Edmonton i Canada og vart nr. 12 med eit kast på 59,11. Året etter deltok han i EM i München, der han vart nr. 18 med eit kast på 59,69. Som aktiv representerte han BUL.

Sjølv om han no har avslutta den aktive karrieren, er han instruktør ved treningssenteret i Otrahallen på kveldstid og trenar i friidrettsgruppa i Otra IL. Han bur på Hornnes og er bror til den daglege leiaren av treningssenteret i Otrahallen, Olav Magne Tveitå.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]