Eilert Hægeland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Eilert Magnus Hægeland)
Hopp til: navigasjon, søk
Eilert Hægeland
Eilert Hægeland.jpeg
Født: 22. september 1951
Død: 13. februar 2004 (52 år)

Eilert Magnus Hægeland (fødd 22. september 1951 i Arendal, død 13. februar 2004)[1] var ein komponist og organist frå Flatebygd i Evje.

Barndom og oppvekst[rediger]

Han vaks opp på Evje og vart tidleg interessert i musikk, ikkje minst ved å sjå organisten i kyrkja i arbeid med både hender og føter. Han arva eit harmonium frå besteforeldrene sine i Saltdal og fekk alt frå 8-årsalderen undervisning av lærar Reidun Høgetveit. Frå han var 10 år begynte han å reise til Kristiansand for å ha timar hos dåværande domorganist Bjarne Sløgedal.

Etter først å ha gått på Hornnes landsgymnas tok Eilert Hægeland artium på latinlinja på Kristiansand katedralskole. Sidan vart det musikkstudier på Musikkonservatoriet i Oslo - Norges Musikkhøgksole. Alt medan han gjekk på gymnaset, fungerte han organist i Valle kyrkje. Då tok han bussen til Valle, overnatta der, spelte til gudstenesta og tok bussen tilbake til Evje.

Liv og virke[rediger]

I 1975 hadde Eilert Hægeland sin debutkonsert som organist. Frå 1976 var han i tre år lærar ved Nordnorsk musikkonservatorium

Frå 1976 til 1979 arbeidde han ved Nordnorsk Musikkonservatorium i Tromsø. Der var han ei drivkraft for å opprette ei eiga kyrkjemusikkutdanning frå 1977. Denne vart etter to år flytta til Bodø. Det gjorde også Eilert Hægeland, han vart domorganist i Bodø i 1979 og var der til 1986. Deretter flytta han heim til Evje og arbeidde som komponist og musikar. Men i 1993 vart han tilsett som rektor ved Åmli musikk- og kulturskule. Den stillinga hadde han til 2002, sjølv om han vart utsett for ei alvorleg akeulukke i 1994 og var mindre aktiv ei tid. Men han kom seg og var i tillegg til jobben i Åmli også organist i Bygland.[2]

Som svært interessert i lokalhistorie var Eilert Hægeland med og skipa Evje og Hornnes sogelag i 1986 saman med Olav Arne Kleveland, og var òg den første leiaren av laget.

Komponist[rediger]

Eilert Hægeland komponerte verk for kor, kammermusikk og for orkester. Han skreiv og fleire bryllupsmarsjar, dei fleste med ei neoklassisk uttrykksform, men også sterkt påverka av folkemusikk.

Diskografi[rediger]

Heder[rediger]

  • Aust-Agder fylkes kulturpris i 1973.

Referanser[rediger]

  1. musikerside hos Norsk Musikkinformasjon
  2. Gull verdt for folkemusikken fra NRK (17.2.04)

Eksterne lenker[rediger]