Dysjetjønni
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dysjetjønni er eit lite vatn i fjellet ovanfor (nord for) Dysje ved Botsvatn i Bykle.
Det var sag på Dysje medan garden var i drift. Ho stod ved Dysjebekken og høyrde til bruket Øvre Dysje. Somme tider var det lite vatn i bekken. Det var laga til ein liten stem i Dysjetjønni for å samle opp vatn til saging. Borna på garden hadde oppgåva med å springe opp fjellsida og opne luka for stemmen. Det var om lag 600 høgdemeter. Same turen måtte dei gjere når luka skulle stengast om kvelden.
Kjelder
- Eivind Bratteland, Dysjesoga, eige forlag, 2018, side 218