Der sø (Søndre Austad)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Der sø er eit gardsbruk (gnr. 14 bnr. 6) i garden Søndre AustadAustad i Bygland. Arne T. Bjørgum har heimelen til eigedomen. Men dei gamle husa på bruket er fråflytta. Arne bur saman med kona Tone i nye hus på eigedomen Prestgard (bnr. 20) om lag 400 meter sør for det gamle tunet på bnr. 6.

Historie[rediger]

Ein gong mellom 1597 og 1610 fekk Ljot Bjørnson Austad halve Søndre Austad etter far sin, Bjørn Torbjørnson Austad. Bruket er seinare kalla «Ljot Bjørnsons bruk». Ljot Bjørnsons bruk blei delt i to igjen eit par generasjonar seinare, ca. år 1694. Torgrim Lavransson Moi fekk den halvparten som seinare er blitt til bnr. 6.

Mellom dei som har eigd bnr. 6 er Olav Grundeson Åkhus (f. 1836 - d. 1909). «O. G. Åkhus har ei lang merittliste, og kom etter kvart til å spele ei viktig rolle, ikkje berre i Austad sokn, men for heile Bygland», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.

Kjelder[rediger]

  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 287-309