Damer i blues

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Women in Blues

Damer i blues er eit konsertopplegg som Rita Engedalen og Margit Bakken har der dei presenterer nokre av kvinnene i bluesen i ein akustisk konsert. Sundag 11. mai 2014 hadde dei konserten i Valle kyrkje saman med fire elevar frå Valle kulturskule: Åsmund Tanche Larsen Knutsen, Tiril Brokke, Liv Tone Åmlid Heia og Vanessa Ulltveit Bjørgum. Denne konserten sponsa Otra Kraft med gratisbillettar til alle ungdomsskuleelevar som ville på konserten.

På konsertane framfører Rita Engedalen og Margit Bakken nokre eigne låtar saman med ukjende og kjende låtar frå nokre av dei damene som har markert seg sterkt innan blues, folk, soul, gospel og hillcountryblues. Mellom desse er Janis Joplin, Jessie Mae Hemphill, Memphis Minnie, Ida Cox, Big Mama Thorthon, Etta James og Bessie Smith, Elizabeth Cotten, og i løpet av konserten fortel dei fakta om damene og deler glimt frå opplevingar dei sjølve har hatt.

Rita og Margit spelar sjølv gitar og dei har ofte med seg backingbandet Backbone på konsertane. I 2012 gav dei ut ei plate med same tittel.

Kjelder[rediger]