Christian Thorn Åmodt

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Thorn Åmodt
Født: 4. august 1770
Død: 8. mai 1836 (65 år)

Christian Thorn Åmodt (fødd i Kvinesdal 4. august 1770, død i Lyngdal 8. mai 1836) var prest i Valle frå 1803-1814. Før han kom til Valle, hadde han vore kapellan i Nes og Vinje. Frå Valle flytta han i 1814 til Lund i Rogaland, og frå 1819 til han døydde var han prest i Lyngdal.

Tida i Valle

Åmodt er omtalt som «- ein framstegsmann som ville gjeva bøndene meir kunnskap, mildne sedene og betre dei økonomiske kåra for alt bygdefolket».[1] Han fekk valldølane med på mange reformar. Han arbeidde for å redusere bruken av rusdrykk i bryllaup, likferder og i jolefeiringa. Han gjorde ein stor innsats for at bygdefolket skulle bli kvitt «ratesjuken», ein lei sjukdom mange valldølar var plaga med på den tida. Han var ein god ven og hjelpar for skulen, og han kravde betre poststell i dalen. I I 1811 fekk han skipa eit Sogneselskap for Norges Vel i Valle. Dette laget la fram planar og forslag om ei lang rekkje nye tiltak, mellom anna oppmerking av heievegar, premiering for jorddyrking og handverk og avling av lin, humle og tobakk så mykje som bygdene trong.

Kjelder

Eksterne lenker

Referansar

<references>

  1. Tarald Nomeland, Ein gjæv prest og framstegsmann i Setesdal, artikkel i Jol i Setesdal 1962 s. 3