Brokke Eigedom

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Brokke Eigedom er eit eigedomsselskap (AS) med føremål utvikling og sal av eigen fast eigedom. Forretningsadressa er Kvislelivegen 40 i Brokke i Hylestad. Selskapet er ein av hovudaktørane bak utviklinga av Brokke til heilårsdestinasjon. Dagleg leiar er Svenn Magne Brokke. I 2025 var Øystein Hjorthaug styreleiar i selskapet.

Brokke Eigedom AS inngår i eit konsern med totalt 5 selskap. I tillegg til Brokke Eigedom er det Brokke Aktivitet AS, Brokke Alpinanlegg AS, Brokke Alpinsenter AS og Brokke AS. Tre av desse er dotterselskap av Brokke Eigedom: Brokke Aktivitet AS, Brokke Alpinanlegg AS og Brokke AS.

I 2025 laga PricewaterhouseCoopers ein ringvirkningsanalyse om hyttebygging i Brokke. Den synte at lokale handverkarar hadde direkte omsetning på 1,8 millionar kroner og 0,8 årsverk for kvar hytte. I løpet av det første året blir det brukt 53.000 kroner på eingongskjøp og for kvart hyttedøgn blir det brukt 850 kroner, i alt rekna saman til 41 millionar kroner. I tillegg vert det brukt straum, det gjev konsesjonskraftinntekter til kommunen. I 2024 var desse inntektene frå hyttene i Brokke på 4,5 millionar kroner.

Kjelder