Brakke 84 Evjemoen

Brakke 84 Evjemoen er administrasjonsbygget til Evje og Hornnes kommune i Kasernevegen 19 på Evjemoen. Her ligg kommunen sitt servicekontor. Ordføraren og rådmannen med stab har sine kontor her. Det same har leiarane for eining for drift og forvaltning og kultur, og mange andre kommunalt tilsette. I 2. etasje ligg kommunestyresalen. Også formannskapet har eige møterom her.
Historie
«Brakke 84» er ikkje eit offisielt namn på bygget, men det nummeret bygningen hadde då han var administrasjonsbygget i den nedlagde militærleiren. I mai 2003, etter at Evje og Hornnes kommune hadde overteke Evjemoen leir frå Forsvarsbygg, vedtok kommunestyret å flytte administrasjonen frå Sentrumsbygget i Evje sentrum til Evjemoen. Det var politisk strid om flyttinga, som blei vedteke med 15 mot 6 røyster. Ordførar Bjørn Ropstad var mellom dei som stemde mot flyttinga.