Blodsteinen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Blodsteinen 13. juni 2023.

Blodsteinen er ei svær steinblokk som ligg rett ved sida av fylkesvegen, på Løkjen i Røyslandsdalen (Vestredalen), mellom Kyrkjebygd og Ljosland, i Åseral.

Steinen har ei dramatisk historie knytt til seg. Valter Austrud («Austrudsklubbå») slo under seg eigedom med makt. Mannen under Berg («Bergskrøkla») sette seg til sist opp mot han. Kampen stod ved ein svær stein nær støylen Løkjen. Valter slo Bergsmannen ihjel. Det er blodflekkar på steinen som ikkje forsvinn. Steinen har etter det alltid blitt kalla «Blodsteinen».

Kjelder

  • Skilt ved Blodsteinen, sett opp av Åseral kommune og Minne kultursenter. Kjelda deira igjen er Johannes Skar
  • Kulturminneplan Åseral 2020–2025, side 73

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...