Bjørndal Takservice
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bjørndal Takservice er eit handverks- og servicefirma med base på Øvre Dåsvatn i Dåsvannsdalen i Hornnes. Firmaet tek på seg taktekking, reinsking av takrenner, skifting av bord, skuffing av snø frå tak, plenklypping med vidare. Marknaden er i første rekke Evje og Hornnes, men på sikt også resten av Setesdal.
Innehavar av firmaet er Alexander Bjørndal (17). Han er (2018) elev ved byggfag på Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Vil til topps med takservice!, artikkel i Setesdølen nr. 70, 2018, side 4