Bjorens Venner

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjorens Venner er ei forening med formål å «vere eit støttetiltak, som i nært samarbeide med Dampskipsaktieselskapet Bjoren AS, arbeider for å gjøre Bjoren og miljøet omkring båten til eit best mulig reiselivsprodukt til beste for distriktet.» Foreninga blei etablert i 1994, same året som Bjoren kom på Byglandsfjorden.

I praksis blir dette gjort ved å organisere dugnader på våren, i april og mai, for å rydde, vaske, skrape og måle båten. Foreninga har eit opphaldsrom i hallen der båten ligg på Byglandsfjord der ein har pauser med god mat og drikke på dugnadene og når ein elles møtest.

Styre

Pr. mars 2017 hadde foreninga om lag 120 medlemmer. Hallvard Lauvdal var kasserer og fungerande leiar, ettersom det ikkje var nokon som ville vere formell leiar. Sekretær var Gro Haugå. Øystein Rødland, Roald Rysstad og Dirk Trommer var styremedlemmer.

Kjelder