Hopp til innhald

Birkelandsøygard

Frå Setesdalswiki
Birkelandsøygard 25. august 2026.

Birkelandsøygard er eit gamalt støylsområde som ligg ved enden av Slettheivegen på heia aust for Støylen i Dåsvannsdalen i Hornnes.

Garden Birkeland hadde tre støylar her: Lindalsøygard, Bakkeøygard og Smedbakkøygard. Støylsdrifta heldt på til om lag 1895. Etter det stod det slåttebuer her med overnatting til 1940-åra.

I dag (2026) står det ein nyare fritidsbustad på Lindalsøygard. Rundt denne støylen er det også gamle steingjerde. Elles er mange av spora etter støylane borte.

Kjelder

  • Artiklane om dei tre støylane på Birkelandsøygard på Kulturminnesok.no

Kart