Birger Risnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Birger Risnes
Født: 11. juli 1935
Død: 1. februar 2018 (82 år)

Birger Arnfinn Risnes (fødd 11. juli 1935, død 1. februar 2018) budde i Bø i Telemark. Han var direktør for Det regionale høgskolestyret i Telemark frå 1977 til 1994 etter at han kom til daverande Telemark distriktshøgskole i 1974 som vaksenopplæringskonsulent. Frå 1994 til han gjekk av med pensjon i 2004, var han rådgjevar ved Høgskolen i Telemark med utgreiingsarbeid og administrativt ansvar for internasjonalisering og etterutdaning. Før han vart knytt til distriktshøgskulen, hadde han teke utdanning som cand.philol. og vore gymnaslektor og konsulent i Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Birger Risnes var frå Haughom i Sirdal. Han etterlet seg kona Torhild Risnes, som var frå Bygland, barna Liv Ingunn Risnes, Anne Risnes, Ole Jakob Risnes og Kjetil Risnes, svigerbarn, barnebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Bø kyrkje fredag 9. februar 2018 klokka 11. Etter gravferda var det minnesamvær på Bø bedehus.

Bibliografi[rediger]

  • Olaus J. Fjørtoft, biografi og tekstar Det norske Samlaget 1985 ISBN 82-521-2512-3

Lesarinnlegg[rediger]

Eksterne lenker[rediger]