Barneheimen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Barneheimen er eit dikt av Margit K. Dale:

Eg sit under fjellet bratte ein fager og fredfull kveld.
Fuglane mot meg kvitrar og soli gjeng ned bak fjell.

Ned under ligg føde-garden, fager som draumen blid.
For meg so er barneheimen den vænaste stad her bid.

Her liti eg låg i vogga og drøymde om englar små.
Eg tykte eg ha kvite venger og sveiv i mot himlen blå.

På angande blomeenger eg leika so mang ein gong.
Her var eg den glade gjenta som tralla og lo og song.

Her skar eg meg seljefløytor, dei åtte så ven ein ljod.
Det var liksom tonane livde, dei lulla og livde og lo.

Her var det far min meg lærde å vere ærleg og sann.
At det er vegen og leidi som fører mot målet fram.

Her var det mor mi meg mana til elska alt fagert og reint.
Snu tanken, og hugen og ryggen frå alt som er ufint og kleint.

Jau så mange er dei minni frå barndommens ljose år.
Men sterkast skjelv hjartestrengjen kvar gong det vaknar til vår.

Kjelder[rediger]