Arne Lande

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Arne LandeSymbol unrelated.svg
Arne på Bjoren.jpg
Arne Lande på Bjoren
Født: 19. juli 1945 (74 år)

Arne Lande (fødd 19. juli 1945 i Bygland) var førsteamanuensis ved Høgskolen i Telemark i 25 år fram til han vart pensjonist. Han vaks opp i Froland og tok eksamen artium på reallina i Arendal. Så studerte han realfag ved Universitetet i Oslo og blei cand.real. i 1969 med hovudfag i limnologi. Hovudfagsoppgåva hans var Limnologi og primærproduksjon i Svinsjøen.

Deretter var Arne Lande med på å få i gang «Samiske Gymnasklasser» i Karasjok 1969-70 før han kom til Bø og underviste fire år ved gymnaset i Bø i Telemark. Sidan arbeidde han med forsking og undervisning i limnologi/biologi/kjemi ved Universitetet i Oslo, Norsk Institutt for Vannforskning (NIVA) og ved Telemark distriktshøgskole/Høgskolen i Telemark(HiT) (30 år). Forskinga hans er vesentleg tilknytta prosjekt innan forsuring/kalking og eutrofiering/forureining i vatn og vassdrag.

Han har i alle år vore idrettsinteressert og aktivt med i lokal idrett og idrettsadministrasjon og leiing, først og fremst innan langrenn og orientering. Har skrive historiske publikasjonar om lokalidretten i Bø og er framleis aktivt med som veteran i orienteringsløp og turrenn i tillegg til administrative oppgåver i lokallaga. Han har gått både Sesilåmi, Grenaderløpet og Vasaloppet fleire gonger.

Kjelde[rediger]