Arne Chr. Høgetveit

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Chr. Høgetveit
Født: 17. mai 1913
Død: 16. juni 1992 (79 år)

Arne Christian Høgetveit (fødd 17. mai 1913, død 16. juni 1992) var ein misjonslege frå Høgetveit. Han gjekk på Vest-Agder ungdomsskole, tok examen artium og studerte medisin på Universitetet i Oslo med eksamen i 1946. Han tok kurs på University of London og var under 2. verdskrigen lege for norske sjøfolk i England. Etter krigen var han hospitant ved Menighetssøsterhjemmet før han i 1946 vart vigsla til misjonær på Fjellhaug og sendt til Kina. Der arbeidde han på sjukehuset i Laohokow og ved United Missions sitt sjukehus i Hankow.

I 1949 vart Kina stengt for misjon og Arne Christian Høgetveit var først i Hong Kong, men vart sidan plassert i Etiopia, der han hadde tenesta si på sjukehusa i Neghelli og Irgalem i til saman fire periodar frå 1949 til 1967. Etter tida som misjonær budde Arne Christian Høgetveit i Kristiansand.

Heder

  • Kongens fortjenstmedalje i gull 1978

Familie

Olav Høgetveit og Jorann Høgetveit, fødd Aas var foreldrene til Arne Christian Høgetveit. Søskena Jørgen Høgetveit, Anna Høgetveit og Jørgen Høgetveit vart også misjonærar. I 1946 gifta han seg med Gunnlaug Høgetveit, fødd Aas.

Kjelder