Anna Ubostad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Anna UbostadSymbol unrelated.svg
Født: 8. juni 1946 (73 år)

Anna Ubostad (fødd 8. juni 1946) var fylkesbiblioteksjef i Vest-Agder frå 1987 til 1996. Ho vaks opp i Selandsdal i gamle Grindheim kommune og gjekk på gymnaset i Mandal. Deretter reiste ho til Oslo for vidare utdanning. Ho tenkte å bli dyrlege, men etter å ha vore hospitant på Vinterlandbruksskulen valde ho å ta bibliotekarutdanning. Ho arbeidde både ved Universitetsbiblioteket og ved Biblioteket på Teologisk Fakultet.

Frå 1971 til 1982 var Anna Ubostad leiar for lyd- og blindeskriftsbiblioteket i Norges Blindeforbund. Der la ho stor vekt på samarbeid både innanlands og utanlands og var i 1979-1981 første leiar i Libraries for the Blind. Ho starta Det norske råd mot blindhet i 1981. Medan ho budde i Oslo, frå 1975 til 1981 var ho med i programmet «Spor i Ord» i NRK. I 1982 vart ho Field Director for øyehelseprosjektet i Juba i Sør-Sudan fram til prosjektet måtte stoppast i 1985 på grunn av borgarkrigen der. Deretter tok ho ulandsstudiet på Agder distriktshøgskole før ho vart fylkesbiblioteksjef.

I 1997 vart ho uføretrygda etter å ha fått Morbus Meniere. Då tok ho til med frivillig arbeid, mellom anna som likemann og kursansvarleg for MM-ramma, styremedlem i FN-sambandet og medlem i arbeidsgruppa Forum Afrika. Frå 1999 til 2009 var ho meklar i Konfliktrådet. Ho er meddommar og rettsvitne i Tingretten. Ho er reiseglad og har vore til topps på Kilimanjaro, reist med Den transsibirske jernbanen og vore i Malaysia, på Svalbard, Grønland og til Antarktis.

Då Iveland kommune la ut sine svære tusenårstomter, kjøpte ho ei på 11 mål og bygde der i 2005. Der bur ho i Solbergveien med 300 miniatyrhestar. I Iveland vart ho med i Kulturgruppa i Iveland kommune og har engasjert seg både i teater, filosofikafé, bibliotekverksemd, lokalhistorie og konsertliv der. På 70-årsdagen inviterte ho til konserten «Tonar gjennom livet - ein 70-årings mimrekonsert» i Iveland kyrkje med Reidar Skåland på orgel og piano.

Kjelder[rediger]