Anna Østebømyr
Anna Østebømyr | ||
---|---|---|
Født: | 17. november 1933 | |
Død: | 20. januar 2006 (72 år) |
Anna Østebømyr (fødd Neset 17. november 1933, død 20. januar 2006) budde på Byglandsfjord. Ho etterlet seg døtrene Bjørg, Ellen og Sissel, svigersøner, barnebarn og oldebarn. Gravferda var frå Årdal kyrkje fredag 27. januar 2006 klokka 12.
Ho trødde barnesko i Grendi saman med den åtte år eldre broren Knut Neset, som bur i Oslo. Ho var bare ti år då faren døydde, og mora var sjukeleg, så dottera måtte ta seg av henne ganske tidleg. I unge år arbeidde Nanna, som ho vart kalla, på Landeskogen. Sidan tok ho utdanning som sydame i Kristiansand. Ho var gift med Søren Øvstebømyr, dei etablerte seg på Byglandsfjord med drosjekjøring som levebrød. Ho dreiv og kafe der. Som pensjonist la ho ned mykje arbeid i Bygland pensjonistforening. Ho var med på å skipe lokalavdeling av Diabetesforbundet og var leiar der i mange år.
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 7, 2006 side 2
- Sigurd Haugsgjerd: Nanna Østebømyr er død. Minneord i Setesdølen nr. 7, 2006 side 2