Andy Irvine

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Andy Irvine
Patrick Street Andy Irvine smile.jpg
Født: 14. juni 1942 (76 år)

Andy Irvine (fødd 14.juni 1942) er ein irsk folkemusikar og låtskrivar. Han har ei lang karriere bak seg og vore med i mange musikkgrupper, men reiser og mykje som soloartist og er ein dyktig musikar på mandolin, mandola, bouzouki og munnspel. Han har spelt ei viktig rolle i irsk folkemusikk i over femti år gjennom å samle gamle melodiar og tekstar. Han skriv og eigne tekstar.

Etter å ha vakse opp i London som son til ei irsk mor som var skodespelar og ein skotsk far, flytta han som vaksen til Dublin. I ungdomstida var han skodespelar og hadde fleire roller, mellom anna i barne-TV for BBC. Men i Dublin vart han gripen av musikkmiljøet og tok til å lære seg songar og viser, og det vart sidan levevegen hans.

Fredag 2. oktober 2015 spelte han på Sølvgarden.

Kjelder[rediger]