Aina C. Oksholen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Aina C. OksholenSymbol unrelated.svg
Født: 2. september 1987 (31 år)

Aina Celestine Oksholen (født 2. september 1987) på Nordfjordeid er sjukepleiar i Valle kommune. Ho vaks opp dels i Måløy og dels på Madagaskar. Ho gjekk på Kvitsund vidaregåande skule og fullførte vidaregåande skule på Måløy vidaregåande skule. Deretter var ho eitt år på Bildøy bibelskule ved Bergen før ho starta på sjukepleieskule i Kristiansand. Ho var ferdig på Universitetet i Kristiansand våren 2010. Då fekk ho jobb i Valle, der ho i august same året tok til på Valle Bygdeheim.

Ho vart og med i Demensteamet i Setesdal og er kontakt for dette i Valle.

I fritida er ho med Lisbeth Hurti Homme i å drive Jentegjengen, ei jenteforening som held til på Vonheim i Valle.