17. mai-talen på Rysstad 17. mai 2006

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Gunnar Stubseid heldt 17. mai-talen på Rysstad 17. mai 2006. Då fortalde han om 17. mai-feiringa på Austad:

Eg voks opp på Austad, og der var ein 17.-maidag og ei feiring som i dag er soge:

Me samlast – unge og eldre - i Heistadtunet (Nordgarden på Heistad) – eg trur i eitt-tida – då hadde nokre alt hatt ein halv arbeidsdag dersom det var noko som måtte gjerast på garden – og stilte opp i tog for å gå dei tre kilometerane ut til ungdomshuset på Austad. Fana til Austad Ungdomslag var fremst i toget, og me song av full hals alle 17. maisongane og salmane. Papa, som var lærar og klokkar, var forsongar og leidde dei heile, og alle song med etter beste evne. Me hadde ikkje songbok, songane kunne me. Så var det stopp ved kvart hus som hadde flagget oppe, og vi vende oss mot flagget og ropa 3 gonger hurra. På den store gravhaugen i sørgarden på Heistad stod det flaggstong før, og alle gjekk opp på haugen og song ”No livnar det i lundar”. Gjennom skogen mellom Austad og Heistad song me ikkje så mykje – stemmene måtte sparast på. I Plasset, som den nørste garden på Austad heiter, sat Gamle-Grunde ute på trappa og venta på 17. maitoget. Her song me allstøtt "Enno ein gong fekk eg vetren å sjå..." og så svinga Gamle-Grunde med huva. Ved den gamle kyrkjegarden stogga me, senka flaka og song ”Her ligg dei grav i grav”. Så var det å gå ut på Oddebrotet og helse over til Ose, rope 3x3 hurra, og så opp til Ungdomshuset der feiringa var. No var det mat å få – alle hadde med seg niste og dei vaksne fekk kaffi. Og no kom det einaste ”urbane” innslaget for oss som var ungar – is, pølser og slike ting hadde me knapt høyrt om - me fekk kjøpe brus! Ubegrensa med brus – me hadde heile lagerbehaldningane med gul- og raudbrus i buskane rundt ungdomshuset. Lageret varde i mange dagar….

Resten av dagen var det idrottsleikar – 60-meteren, lengdehopp, 3-steg og stikkhopp (som me sa – høgdehopp). Og dette var ikkje berre for ungane – både vaksne og ungdomane var med. Og alle fekk premie. Høgdepunktet var når dei tidlegare sportstjernene frå Heistad stilte opp – Sigurd Heistad (”Sportsmannen”), Hallvard Slettevollen, Hallvard og Gunnar Grundesson og fleire – dei kom på slutten og laga eit klimaks i tevlingane. Og alltid var det gode kommentarar både blant deltakarane og publikum når desse karane synte gamle kunster…

Kjelde