Åsta Østerhus Jerstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Åsta Østerhus Jerstad
Født: 14. mai 1919
Død: 15. november 2014 (95 år)

Åsta Ingebjørg Østerhus Jerstad (fødd 1919) frå Flatebygd i Evje og Hornnes kommune bur i Skien. Ho var yngste barnet til Randi og Søren Østerhus (1872-1949), som var stiger i nikkelgruvene på Evje ved sidan av å drive garden i Flatebygd. I heimen kom det til saman 13 barn, men tre døydde samstundes i spanskesjuka i 1916. Ei anna syster døydde i tuberkulose då ho var midt i tenåra. I 2011 er ho den einaste av syskina som lever etter at broren Nils Østerhus, som overtok garden i Flatebygd, døydde på Hornnesheimen.

Hornnes landsgymnas møtte ho Johan Jerstad frå Kvinesdal. Dei gifta seg i 1942, den dagen faren Søren fylte 70 år. Alle dei 90 gjestene fekk plass i huset i Flatebygd på bryllupsfesten, det var eit stort hus. Johan tok apotekutdanning i Kristiansand og overtok sidan apoteket Bien i Skien. Det dreiv han til han pensjonerte seg. Sjølv tok ho utdanning innan kjole- og draktsaum og praktiserte som lærar i dette faget i mange år. I ein alder av 92 år var ho aktiv i Den norske kyrkja og i Normisjon i Skien, men ho har slutta å køyre bil.

Dei fekk ikkje born, men adopterte dottera Bärbel frå Berlin. Ho og familien har overteke hytta dei hadde på Gautestad. Etter henne lever og barnebarn og oldebarn. Gravferda var frå Nordre gravkapell Skien fredag 21. november 2014 klokka 12.30.

Kjelde[rediger]