Åraksbø bryggje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Åraksbø bryggje (Åraksbrygga) ligg ved enden av Bryggjevegen, som går frå bygdevegen ved Åraksbø skule ned til fjorden. Dampbåtane DB Bjoren og DB Dølen la til ved brygga så lenge dei var i trafikk opp i Åraksfjorden.
Bryggja var vanskeleg og kostbar å halde vedlike ut frå plasseringa på ei låg strand. Ho blei reparert i 1898. I 1912 bar det eit større utbetringsarbeid. I 1925 blei ho vølt som naudsarbeid.
I seinare tid har isen slite hardt på brygga, slik at steinane ligg hulter til bulter. Det skal likevel gå greitt for Bjoren å legge til når han ei sjeldan gong tek ein tur innom Åraksbø.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 238–239