Skilnad mellom versjonar av «Rysstad turpark»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (Kart)
s (Sjå også - intern lenke)
Line 14: Line 14:
== Kjelder ==
== Kjelder ==
*[https://www.visitnorway.no/reisemal/sorlandet/setesdal/listings-setesdal/rysstad-turpark-tur-retur-4-km/16617/ Omtale av turløypa hos Visit Setesdal]
*[https://www.visitnorway.no/reisemal/sorlandet/setesdal/listings-setesdal/rysstad-turpark-tur-retur-4-km/16617/ Omtale av turløypa hos Visit Setesdal]
== Sjå også ==
*[[Turløyper i Valle]]


== Kart ==
== Kart ==

Versjonen frå 30. oktober 2019 kl. 07:34

Turløypa går gjennom fint skogsterreng.

Rysstad turpark er ei turløype i skogsområdet like sør for Rysstad sentrum. Det er skilta avkøyrsle frå Rv-9.

Frå parkeringsplass går stien oppover Baklian. Undervegs passerer ein eit gamalt kvernhus. Fleire stader er det benkar som høver til ein pust i bakken. På toppen har du utsyn over Rysstad. Stien fortset nordover, til ein kjem ut på ein skogsveg. Her følger ein skiltinga, og kjem tilbake til parkeringsplassen.

Rundturen er om lag fire km lang. Tidsbruken vil vere 1-2 timar. Terrenget stig ganske jamnt til toppen av løypa, som er etter måten lett å gå.

Gamalt kulturområde

Rysstad turpark er eit nytt namn på eit område med eldgamle tradisjonar. Tømmer- og vedhogst med enkle reiskap, maling av korn (bygg) på fossekvern og frodige beite er noko av det ein ville ha opplevd hadde ein kome for 50 år sidan.

Brua i starten av turparken blei kalla Nautebrua; brua som nauta (dyra) måtte over for å kome til beita lenger sør.

Kjelder

Sjå også

Kart

Laster kart...