Skilnad mellom versjonar av «Pilegrimen»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (→‎Innspelingar: lenkefiks)
s (→‎Innspelingar: lenkefiks)
 
(Ingen skilnad)

Siste versjonen frå 17. april 2024 kl. 21:43

Plakat for kyrkjespelet

Pilegrimen er eit folkemusikalsk kyrkjespel av Paal-Helge Haugen (tekst) og Jan-Erik Pettersen (nyskriven musikk).

Kyrkjespelet handlar om om jordas og menneskeslektas natt, og fylgjer eit gamalt pilegrimsmotiv som i 1678 blei materialisera i John Bunyan si allegoriske roman «Pilegrims vandring». Spelet knyter band med fortida først og framst gjennom tildels svært gamal folkemusikk som salmar, balladar og slåttar med og utan kveding og song. Storparten av desse blei bruka til dagleg i eldre tider, og dei er i tradisjon frå Agder - ikkje minst frå Setesdal. Nyskriven musikk og lydbilete knyter spelet til notida og framtida.

Kyrkjespelet vart skrive til Finsland kyrkje i 1994. Det har sidan vore framført i mellom anna Moster og Volda. I november 2011 vart det framført i Søgne kyrkje og 29. januar 2012 vart det framført i Valle kyrkje.

Medverkande er pilegrimen Bjørn Skagestad, songaren Kirsten Bråten Berg, Jan Erik Pettersen (gitarar og elektroakustisk musikk) og Daniel Sandén-Warg (strykeharpe, munnharpe og hardingfele). Regi: Paal-Helge Haugen.

Oversyn

  • Inngangen – «bukkehornmelodi» frå Vest-Agder, og «Eg er framand» i tradisjon frå Setesdal
  • Alt blir til – «Kom regn af det høie» i tradisjon frå Åseral
  • Dei fjerne tider – slåtten «Fiskaren» og «rammeslått» frå Setesdal
  • Alt blir til – «Kom regn af det høie» i tradisjon frå Åseral
  • Dei mørke skuggane – «Liti Kjersti og Elvekongjen», middelalderballade i tradisjon frå Åseral
  • Krigen – «Dagen viger og gaar bort» i tradisjon frå Konsmo, «Ak min rose visner bort» i tradisjon frå Setesdal og munnharpeslått frå Setesdal
  • På flukt – «Som tørstige hjort monne skrige» i tradisjon frå Åseral
  • Håpet – «O du min Immanuel» i tradisjon frå Vest-Agder og «Eg såg ein Kristi pilgrim» i tradisjon frå Setesdal
  • Inn i framtida – «Tal du til mit trette hjerte» i tradisjon frå Sogn, salmetone i tradisjon frå Setesdal og «Farvel, farvel jeg eder byder» i tradisjon frå Eiken

Innspelingar

Eksterne lenker