Olaug Åsen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. juli 2022 kl. 18:28 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (2022)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Olaug ÅsenSymbol unrelated.svg
Olaug Åsen 2012.jpg
Olaug Åsen stiller ut kunst i Valle.
Født: 13. mai 1958 (66 år)

Olaug Åsen (fødd 13. mai 1958) er ein kunstnar som er frå Grendi og bur på Moseid i Hornnes, der ho og har atelier. Ho arbeider med måleri og grafikk. Olaug har utdanning frå Kunsthøyskolen i Bergen 1977-1981. Ho er medlem av NBK og NBK-Agder.

Olaug har stilt ut mange stader. Sommaren 2011 og 2012 deltok ho på Kunstlaget si sommarutstilling i Valle. Ho er mellom anna kjend for dyremotiv, ikkje minst gaupebilete. Sommaren 2011 stilte ho ut i Kristiansand Kunstforening, då presenterte ho meir moderne kunst, og det er den moderne kunsten ho og har stilt ut i Valle.

2. juli 2022 til 6. august 2022 deltok ho på utstillinga Setesdal. Vår tid i Valle.

Sjå også

Kjelder

Eksterne lenker