Honnevje rasteplass

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. september 2010 kl. 22:58 av Siri J (diskusjon | bidrag) (+bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Honnevje rasteplass i august 2010
foto:Siri Johannessen

Honnevje rasteplass vart bygd den tid Ånund K. Homme var kulturkonsulent i Valle kommune. Ein søkte SKAP-midlar og sette i gong arbeidet. Hadde flinke folk med, og vi brukte fantasien og tenkte praktisk for dei fleste brukargrupper. Vi hadde svært godt samarbeid med Vegstellet, og dei sette opp eit robust og moderne toalettanlegg for rasteplassar, skaffa rastebord osb.

Badeplassar og anlegg

Det er varierte badeplassar på Honnevje, frå plaskedammar til djupare stader i elva. Men vi laga ikkje til så folk kunne egne seg for nær farlege plassar. Vi laga bruer, rekkverk, stiar og bålplass midt ute i elva, så det var sikkert for brann. Store steinbord og sitjesteinar vart funne, til stor glede for dei som stakk innom. Der er flytebrygger, og dei er tilgjengelege for rullestolbrukarar.

Pris

Honnevje rasteplass fekk ein pris frå Blomstrende Sørland.

Denne rasteplassen er svært populær for vegfarande. Det er vel mykje overnattingar i bubil. Det er ikkje meininga. Det er campingplassar både ovan- og nedanfor: Flateland Camping og Sanden Såre i Oveinang og Valle Motell og Camp i Valle sentrum.