Hommeheia
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hommeheia er heiedraget mellom Homme i Bjelland og Kollungtveit i Grindheim. Over denne heia gjekk frå 1830-talet den første køyrevegen for hest og kjerre mellom Mandal og Åseral. Men vegen forfall snart til ein ride- og sledeveg. Kommunegrensa mellom Lyngdal og Lindesnes går over toppen av heia.
Kjelder
- Hommeheia på Norgeskart.no
- Artikkelen om vegen over Hommeheia på Kulturminnesok.no
- Magnus Breilid, Kultursoga for Bjelland og Grindheim, 1974, side 59–60