Gudrun Rygnestad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. oktober 2015 kl. 11:16 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Bjørnevatn)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gudrun RygnestadSymbol unrelated.svg
Gudrun Rygnestad.jpg
Født: 14. november 1938 (85 år)

Gudrun Rygnestad (fødd 14. november 1938 på Rygnestad i Valle kommune) er no som pensjonist aktiv produsent av handlaga nissar, setesdalsdokker, trefigurar, filleryer og mykje anna handarbeid. Ho har budd mange plassar i Sør-Norge, men frå 1972 har ho budd i Aust-Agder, men har hytte ved Store Bjørnevatn og held god kontakt med heimbygda. Ho gjekk på Fredtun folkehøgskole, Åmli realskule, Møglestu og Akershus husmorskole, Bø landsgymnas 1958 og tok deretter lærarutdanning på Statens lærerskole i husstell Stabekk, der ho var ferdig i 1964. Ho har også utdanning frå Bedriftsøkonomisk Institutt.

Ho var lærar på Ringerike folkehøgskule, Sandar yrkesskule, Oslo husmorskole og i grunnskulen i Valderøy. Ho var lærar og rektor på vidaregåande skule i Risør i 13 år og på vidaregåande skule i Arendal etter det, før ho vart knytt til fylkesadministrasjonen i Aust-Agder frå 1993. Frå 1968 til 1972 var ho hotellbestyrarinne på Hotel Continental i Oslo.

Yrkeslivet starta i 1957 då ho reiste til England 18 år gamal og vart avslutta i 2009 i Arendal då ho var 71 år.

I ein alder av 74 år etablerte ho nettbutikken «NisseFabrikken».

Kjelder

Eksterne lenker