Dalemannshus
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dalemannshus kalla ein stader der setesdølane, åsdølane og andre overnatta langs vegen når dei var på bytur i eldre tider. Ei slik reise tok fleire dagar. I Hægeland og Øvrebø var det mange slike «overnattingsstader» langs vegen, men også i Hornnes og lenger oppover i dalen. Byklarloftet på Fennefoss i Hornnes er eit døme på ein slik stad. Espeland og Frivoll i Hægeland er andre døme.
Kjelder
- Jon Åsen, Øvrebø-boka, bind III, kultursoga, 1967, side 249
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg. Vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 36