Bykle Vindu

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. juli 2013 kl. 16:24 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Bykle Vindu)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bykle Vindu AS vart etablert i 1984. Frå 1997 er selskapet eigd av Bykle Industri AS. I 2012 fusjonerte Bykle Vindu med Grindland Trevarefabrikk i Finsland. Produksjonen vart då flytta til Bykle kyrkjebygd, medan administrasjonen ligg i Songdalen. Etter fusjonen har Bykle Vindu 30 tilsette, medrekna fem i administrasjonen. Selskapet har hatt stor suksess med Isokitt-vinduet, som dei utvikla sjølv og lanserte i 2008. Det står for 80 prosent av produksjonen og har gjeve fleire store kontraktar. Fusjonen gav ein sterk vekst i inntektene, frå 2011 til 2012 auka omsetninga frå 23,2 mill. til 44,1.

Kjelde

Eksterne lenker