Brokke Skianlegg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. mars 2023 kl. 09:09 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke varmestova)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Skitrekk og varmestove i Brokke Skianlegg.
Foto: Siri Johannessen

Brokke Skianlegg var eit kommunalt selskap som eigde skitrekk, varmestove og nistebu på Brokke. Anlegget vart leigd ut til Brokke Alpinsenter. Kommunen investerte rundt 30 millionar kroner i anlegget då det vart bygd i 2004. Deler av dette var utbyggingsavtalar der kommunen skulle få pengar tilbake når hytter vart selde. Slik kunne anlegget få bygge ut infrastrukturen. Ein ny stolheis stod ferdig til sesongen vinteren 2012.

Hausten 2012 fekk Brokke Skianlegg økonomiske problem då leigetakaren ikkje kunne betale leige. Valle kommune gjekk då inn med eit lån på 790.000 kroner for å løyse likviditetskrisa.

I 2013 selde kommunen selskapet til eigarane bak Brokke Alpinsenter for 1.500 kroner. Same hausten sette Skatt Sør fram krav om tilbakebetaling av meir enn 8 millionar kroner i moms + renter, som skatteetaten meinte skianlegget hadde fått urettmessig fradrag for tidlegare år. I 2015 tapte Brokke Skianlegg ein rettsak mot Skatt Sør om momskravet, som nå var på meir enn 12 millionar kroner inkludert renter. Kort etter vart selskapet slege konkurs. Største kreditor var Brokke Alpinsenter, med 6-7 millionar kroner i pant.

Kjelder