Paal-Helge Haugen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. september 2011 kl. 23:16 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Paal-Helge Haugen (fødd 26. april 1945) er ein forfattar frå Valle som er busett i på Nodeland i Songdalen kommune. Han har og hus i Valle og er der store deler av året.

Frå 1964 til 1970 studerte han medisin på Universitetet i Oslo, men då han var ferdig med medisinstudiet, reiste han til USA for å studere film og teater. Etter to år i USA kom han heim i 1973 og vart lærar i film og skjønnlitterær skriving. Han hadde jo då alt etablert seg som forfattar, først med boka Blad frå ein austleg hage (1965), som var gjendikting av haiku-dikt, deretter med gjendikting av kinesisk lyrikk i boka Kinesisk lyrikk. I 1967 kom novellesamlinga På botnen av ein mørk sommar og med punktromanen Anne frå 1968, der han blandar dokumentariske tekstar med fiksjon, fekk han sitt endelege gjennombrot som forfattar. Frå 1978 har han vore forfattar på heiltid.

Som forfattar har han samarbeidd mykje med andre kunstnarar, både innan biletkunst og innan musikk. Det har resultert i libretto til opera, kyrkjespel og oratorier. Han har og skrive fleire diktsamlingar og også gjendikta poesi til norsk og vert rekna som ein av dei fremste lyrikarane i sin generasjon og han har vorte omsett til ei rekkje språk. 16. januar 2009 vart Haugen utnemnt til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Bibliografi

Fram til 2010 hadde han gitt ut 37 bøker: