Tysdagssending i Valle Radio 20110927
Valle Radios tysdagsprogram 27. september 2011 var det Harald Haugland som hadde ansvaret for.
Program
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld. Frå skulesangboka.
Vel møtt til songkveld her i Valle Radio. Med så mykje regn og surt ver som me har hatt i det siste, treng me verkeleg å kvikka kvarandre opp med song. Det er noko heilt spesielt med song, ja heilt unikt, for me kan syngje kor som helst. Eit instrument er ein nøydd til å ha med seg, men songstemmen er alltid med oss. Eigentleg er me alt for redde for å syngja. Men tenk nå etter; du blir glad av å høyre ein fin song. Kvifor ikkje like godt syngja sjølv? Å syngja skapar nærhet til livet nå, og vekkjer minner om det som var. Både dei som syng, dei som nynnar og dei som høyrer på, tek del i songen. Song inkluderar. Å syngje er å sei: velkomen inn i fellesskapet.
- Syng, syng, syng og ver glad!
- Syng med den stemme du har!
Det er vanskeleg å velje ut nokre få songar, for me har ein stor songskatt. Håpar desse songane vekkjer gode minne frå skuletida i «gamle dagar».
Nr 152.1 Sjå, dagen sprett i austerætt
Me starta alltid skuledagen med ei salme. Denne Blix salma har starta mang ein skuledag. Egil Sjåstad har fortald i juleboka Når lysene tennes 2005: Ein tidleg søndagsmorgon – på veg til Nordmarkskapellet – kunne eg sjå sola stige opp over Tryvasshøgda bak meg. Lysegrøne knuppar på småbjørkene ved kanten av stien vitna om vaknande liv. Plutseleg høyrde eg meg sjølv syngje:
- Sjå dagen sprett i auterætt,
- han livet opp vil yngja.
- Sjå skuggar fly og solglytt ny no gyller sky
- og tusund munnar synga.”
Songar som me lærte på skulen kan plutseleg kome fram når ein opplever ting. Det er slike gonger ein ser verdien av det ein har lært. Her er det gruppa Dvergmål som syng. Meodien er annleis enn me song han, men attkjenneleg likevel.
48 – Anne Knutsdotter
Når me reiser rundt i landet vårt så ser me mangel plassar som me lurer på; kunne verkeleg folk bu her? Men å ha ein jordlapp var gull verdt. Ungjenta Anne fortel her i visa om ein slik plass. Nasjonalromantikaren Claus Pevels Riis (1826-1886) var frå Bergen, og arbeidde som amtsgartner i Søndre Bergenhus Amt. Frå 1840-talet laga han viser for Studentersamfundet i hovudstaden. I 1850 lanserte han syngespelet ”Til seters”. Ein song frå eit anna syngespel er altså Anne Knutsdotter. Anna, som syng visa i stykket er embetsmannsdotter, men ho kler seg ut som bondejente for å halde narr med bestefaren og ein friar. Friaren blir interessert i denne bondejenta som liknar slik på dottera i huset, og han spør kva ho heiter. Anna svarar med visa. Det var Hulda Garborg og Ingvar Bøhn som oversette visa til nynorsk. Melodien er ein norsk folketone som Riis sannsynligvis lånte til denne visa.
Her høyrer vi den med Line Ivarson, som er mest kjent for barnesangar.
49.2 Vi vandrer med freidig mot
Denne visa er skreven av Henrik Ibsen (1828-1906). Han var Noregs fremste bidrag til verdenslitteraturen, til tross for at han i motsetning til tre av sine kolleger ikkje oppnådde å få Nobelprisen. Han var i sin ungdom sjef for Den Nationale Scene i Bergen, og våren 1853 drog han saman med skuespelarar på ein velfortent ferietur til fots. Fylgjet vandra gjennom praktfull vestlandsnatur til Voss og Hardanger, og den 25-årige leiaen skreiv ein song som skulle passe til anledninga. Seinare har den vore stemt opp av utallige vandringsmenn og kvinner, til den friske tonen av J.U. Wehrli. Herr høyrer vi den frå plata Sanger vi sang 2.
67.2 Eg gjette tulla
Dette er ei folkevise frå Heddal i Telemark, og vart først trykt i Landstads store samleverk ”Norske Folkeviser” i 1853. Kunstnaren Landstad var glad i dyr. Teologen Landstad kunne her finna klangbotn for tankestoff han var vel fortruleg med: biletet av sauen og gjetaren, men og tjuven som kom for å stela og myrda og øydeleggja. Her høyrer vi Kirsten Bråten Berg på den flotte plata Songen
40 Se Noregs blomsterdal
Dei fleste av oss hugsar skulespelaren Per Aabel. Han var barnebarn til Andreas Aabel som er forfattar av denne songen. Han var distrikslege i Valdres og på Toten. Melodien er ein tysk folketone.
Se Noregs blomsterdal – me har jo ein fantastisk flora av ville blomar her i landet. Faktisk er det fint med det same løvetanna slår ut om våren. For ikkje å snakke om bukkeblad, vårmarihand, tiriltunge, blåklokke, blåfjør, raudkløver, ja, me har eit hav av vakre blomar. Mange gonger når eg er ute og syklar er augo meir i vegkanten enn på vegen. Eg må sjå på desse fantastiske blomane. Det er noko herleg med det å vera ute i naturen. Årstidene har sin sjarm, kvar på sin måte.
Her er det The Deep River Boys som syng. Kuttet er frå ei av Lirekassen-platene. Sjarmerande, dette også.
28.1 Alle fugler små de er
Våren er den årstida som då heile naturen vaknar til liv etter lange og kalde vintermånader. Det er ikkje berre blomane om våren som er kjærkomne, men og fuglane når dei kjem tilbake. Å høyre lerka for fyrste gong om våren er fantastisk. For ikkje å snakka om når vipa kjem med si låt, og linerla kjem trippande. Fyrst kjem dei for å sei: nå er me her. Så startar travelheta med å byggja reir, og endå meir travelt når ungane er utklekkte. Sola er viktig. Ikkje berre for fuglar og blomar, men borna kjem ut og leiker, så det vert både ”kråkestup og bukkesprang”. Dette er ei tysk folkevise som er oversett til norsk av Johan Nicolaisen. Her er det frå plata Barna synger 3. Alle fugler hos wikipedia
19.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium.
- Niklos K. Besteland spelar fransk kyrkjemusikk