Karstein Lie
Karstein Lie (fødd 27. februar 1928) bur på Frøyså i Iveland kommune. Han vart fødd i Øvrebø og vaks opp i eit bygdemiljø. I 1956 gifta han seg med Malli Frøysaa og flytta til garden ho kom frå. Etter nokre år som bonde tok han til som produksjonsrettleiar i meierisamvirket attåt drifta av garden. Då reiste han over heile Agder og noko av nabofylka. I ein periode var han og timelærar på Vest-Agder landbruksskole i Søgne. Garden vart overført til den eldste sonen då Karstein Lie vart pensjonist. I 1994 døydde Malli. Som pensjonist tok han i 1998 til å studere historie ved Høgskulen i Telemark, avdeling Bø og tok både grunnfag og mellomfag. Han studerte også arkeologi.
Karstein Lie engasjerte seg i Iveland og Vegusdal bygdemuseum, der han i lang tid var styreleiar og tok seg av den daglege drifta. Han sat og i redaksjonskomiteen for Bygdebok for Iveland V, der han særleg arbeidde med biletmaterialet.
Kjelde
- Salve Øina: Karstein Lie 80 år. Artikkel i Setedølen nr. 16, 2008 side 9